UiO studenter

– Framleis haldnings­problem knytt til juss på nynorsk

Kva seier Juridisk fakultet ved UiO om nynorsk?, spør Sigbjørn Råsberg og Gunnar O. Hæreid.

Tirsdag, 16. mars 2021 - 6:53

Av Sigbjørn Råsberg, leiar i Juristmållaget og Gunnar O. Hæreid, tidlegare leiar i Juristmållaget 

I starten av februar stilte jusstudenten Solveig Brunvoll spørsmålet “har nynorsken ein plass i jussutdanninga?” på nettstaden Rett24. Der refererte ho ferske døme på utdaterte haldningar til kombinasjonen juss og nynorsk ved Juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO) som kom til uttrykk ved slengmerknader frå førelesarar og kurshaldarar. 

Diverre er det ikkje overraskande at det framleis er haldningsproblem knytt til juss på nynorsk. Sjølv om den fyrste lova på nynorsk kom i 1894, Grunnlova kom på nynorsk i 2014 og Høgsterett i haust kom med ei plenumsavgjerd om habilitet med både fyrstvoterande og dissenterande votum på nynorsk, er det framleis ein lang veg å gå. Døma Brunvoll kom med, er openberre prov på dette. Begge dommarane frå plenumsavgjerda hadde forresten studert ved UiO. 

Språkdirektør Åse Wetaas og førsteamanuensis Katrine Broch Hauge ved UiO har kome med klar støtte til Brunvoll og nynorsken. Dekanen ved Juridisk fakultet er derimot vag og passiv. I eit intervju med framtida.no er ho sitert på at ho ikkje har grunn til å tru at haldningane Brunvoll skriv om er vanlege, men ho tykkjer det er leitt å lesa om opplevingane. Vidare har ho ikkje fått klager eller høyrt tilsette ytra seg negativt om nynorsk.

Altfor mange kan fortelja liknande historier

Ketil Skogen var den fyrste som skreiv juridisk eksamen på nynorsk ved UiO, i 1909. Soga seier at den eine sensoren ville gje han karakteren 2.15 og den andre stryk, på grunn av målforma. Kompromissen vart 2.75. Ein kommentar frå eksamenskommisjonen på den eine av dei elleve eksamensoppgåvene var at om ho hadde vorte skrive på menneskemål, hadde ho vore god. 

Verda og synet på nynorsk har gått framover sidan 1909. Men altfor mange av våre medlemmer som har studert ved UiO, kan fortelja liknande historier som Solveig Brunvoll. Mellom anna var det ei tid vanleg at administrasjonen ved Juridisk fakultet ringde rundt til studentar som var melde opp med nynorsk målform, med spørsmål om dei verkeleg ønskte nynorsk og hadde tenkt å ta eksamen. Og så fekk dei høyra at valet om målform kravde så store ressursar til å omsetja oppgåvene, at UiO måtte vera på sikre sida. Kven kjenner seg velkommen etter ein slik samtale?

Dei fleste jusstudentar møter på framandt språk i jusstudiet. Viktigaste poenget med studiet er nettopp å knekka kodane for kva som ligg i juridiske omgrep, omsetja dei og få dei til å passa på dei situasjonane livet byr på.

Kor mange jusstudentar har eigentleg ei klar formeining om kva som ligg i subrogasjon, culpa eller kumulative vilkår før dei byrja på jussen? Like eins er også omgrepa i EU-rett eller internasjonale menneskerettar ukjende før ein går laus på dei. Og det same gjeld somme nynorske juridiske omgrep.

Men det er nynorsk som er hoggestabben. For primitive sjeler er det alltid kjekt å ha ein minoritet å rakka ned på.

Kan ikkje gøyma seg bak kansellispråket

Juristmållaget meiner at juss på nynorsk er noko som må lærast på lik line med juss på bokmål eller for den del folkerett på engelsk. I den grad det er nokon skilnad, er den at nynorskskrivande juristar ikkje kan gøyma seg bak kansellispråket som juristar har gjort seg utilgjengelege med i generasjonar. 

Dette har Juridisk fakultet i Bergen forstått. Ikkje berre har studentane tilbod om eigne nynorsk-arbeidsgrupper, dei må òg bu seg på energiske oppmodingar frå professor Johan Giertsen og andre om å skriva nynorsk. 

Brunvoll kom med ei oppmoding til vitskapleg tilsette ved UiO om å vera så snille og ikkje snakka ned nynorsken. Dekanen ved Juridisk fakultet burde vera den fremste til å ta utfordringa. Så kva gjer de for nynorskskrivande jusstudentar i Oslo, Ragnhild Hennum?

Ledige stillinger:

LOGO NITO
NITO
Søknadsfrist: 
16.04.2021
Spesialeininga for politisaker
Spesialeininga for politisaker
Søknadsfrist: 
03.05.2021