Ragnhild Hennum (Foto: UiO)
(Foto: UiO)

– Dei som skriv og nyttar nynorsk skal føle seg heime ved fakultetet

Kan ikkje vere samd i at fakultetet har eit haldningsproblem knytt til juss på nynorsk.

Onsdag, 24. mars 2021 - 8:21

Av dekan Ragnhild Hennum

Eg vil takke noverande-  og tidlegare leiar i Juristmållaget for påminninga om verdien av juss på nynorsk i artikkelen  Framleis haldnings­problem knytt til juss på nynorsk

Nynorsk har ein naturleg plass ved fakultetet, og me nyttar dagleg rettskjelder på nynorsk. Me har tilsette som skriv, underviser og er godt synlege i det offentlege ordskiftet på nynorsk. Det same gjeld studentane våre, som sjølvsagt og får eksamensoppgåva på sitt målføre.

Me har jamvel eit klarspråkprosjekt der nynorsk som rettsspråk har ein naturleg plass. 

Legg til rette

Eg meiner me legg til rette for at dei som skriv og nyttar nynorsk skal føle seg heime ved fakultetet, og kan ikkje vere samd i at fakultetet har eit haldningsproblem knytt til juss på nynorsk.

Eg kan likevel ikkje sjå bort frå at einskilde personar kan gje uttrykk for negative haldningar til nynorsk, men som dekan har eg ikkje motteke konkrete klager på at tilsette har ytra seg negativt om nynorsk. Kjem det ei slik klage skal den handterast, men ikkje i media. 

Fakultetet arbeidar og ut frå konkrete planar for å auke bruken av nynorsk på nettsider og anna kommunikasjon.

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev for jevnlige oppdateringer.

Emneord: 

Ledige stillinger:

NAV
Søknadsfrist: 
27.09.2021
The EFTA Surveillance Authority
Søknadsfrist: 
03.10.2021
The EFTA Surveillance Authority
Søknadsfrist: 
03.10.2021
Universitetet i Bergen
Søknadsfrist: 
03.10.2021
Trøndelag statsadvokatembeter
Søknadsfrist: 
07.10.2021
NTNU
Søknadsfrist: 
07.10.2021
Skattedirektoratet
Søknadsfrist: 
11.10.2021
Norges Farmaceutiske Forening
Søknadsfrist: 
20.10.2021