Politiadvokatar

LOGO Økokrim
Søknadsfrist: 
17.01.2021

Vi treng politiadvokatar til å etterforske og føre saker for retten innanfor økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet. 

Politiadvokatar

ØKOKRIM

Straffesaksarbeidet skjer i tverrfaglege team med juristar og etterforskarar med politifagleg, miljøfagleg eller økonomisk bakgrunn. Politiadvokatane i Økokrim tek del i etterforskinga av sakene og fører dei for retten etter beslutning fra saksansvarleg statsadvokat. 

Vi er på jakt etter deg som

  • er samfunnsinteressert og følgjer med i nyheitsbiletet
  • ønskjer å koma til botn i kompliserte sakshøve
  • kan handtera og analysera mykje informasjon
  • kan skilja det viktige frå det uviktige og ser det enkle i det komplekse
  • er interessert i å setje deg inn i nye saksområde
  • trivst med å arbeide tett med andre profesjonar
  • viser initiativ
  • ikkje let deg skremma av nye utfordringar og er uthaldande

Arbeidsoppgåver

  • planleggje, organisere, etterforske og hjelpe til med å påtale straffesaker 
  • aktorere saker for tingrett og lagmannsrett
  • drive opplæring internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap  med gode resultat
  • normalt 5–8 år relevant yrkeserfaring
  • særs gode juridiske kunnskapar
  • erfaring frå straffesaksarbeid er ein fordel. Vi legg òg vekt på anna relevant arbeidserfaring og/eller annan relevant kompetanse
  • særs gode IT-ferdigheiter
  • særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • evne og vilje til nært tverrfagleg samarbeid
  • oppteken av å utvikle eigen og andre sin kompetanse
  • evne og ønske om å bidra til utviklinga av Økokrim som ein viktig organisasjon i vårt samfunn
  • særs god arbeidskapasitet og evne til å gjennomføre planer og oppnå resultat
  • særs gode analytiske evner
  • initiativrik og endringsvillig

Vi tilbyr

  • interessant arbeid med samfunnsrelevante økonomiske straffesaker
  • tverrfagleg teamarbeid
  • utfordrande arbeidsoppgåver
  • sterke fagmiljø
  • samarbeid med myndigheiter i inn- og utland
  • gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • god pensjonsordning med medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida
  • løn som politiadvokat (stillingskode 1245), kr 675 000–775 000
  • i tillegg får politiadvokatar i Økokrim eit mellombels tillegg for unnatak frå arbeidsmiljølova (for tida kr 36 108 pr. år)

Kontaktinformasjon

 

SØK HER!

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

LOGO Council of Europe
Council of Europe, Directorate of Human Resources
Søknadsfrist: 
18.01.2021
LOGO Utenriksdep
Utenriksdepartementet
Søknadsfrist: 
21.01.2021
LOGO Regjeringsadvokaten
Regjeringsadvokaten
Søknadsfrist: 
22.01.2021
LOGO Oslo Met
OsloMet - Storbyuniversitetet
Søknadsfrist: 
24.01.2021
LOGO Arbeidstilsynet
Arbeidstilsynet, Førde
Søknadsfrist: 
24.01.2021
LOGO E-HELSE
Direktoratet for e-helse, Avdeling juss og informasjonssikkerhet
Søknadsfrist: 
24.01.2021
LOGO JAG
JAG Assistanse AS
Søknadsfrist: 
31.01.2021
LOGO Namdal tingrett
Namdal tingrett
Søknadsfrist: 
01.02.2021
LOGO Vest-Telemark tingrett
Vest-Telemark tingrett
Søknadsfrist: 
15.02.2021