Kristian Augusts gate 9, 0164 Oslo
Tlf: 40 00 24 25
- Redaktør: Ole-Martin Gangnes
- Journalist: Tore Letvik
- Journalist: Tuva Bønke Grønning
- Annonseansvarlig: Randi Huth Rogne
I juridisk utgreiingseining er det ledig to til tre åremål som utgreiar. Åremålet er på sju år utan moglegheit til forlenging.
Høgsterett er den øvste domstolen i landet og er ein prejudikatsdomstol. Høgsterett har som hovudoppgåve å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling innanfor dei rammene som følgjer av Grunnlov og lov.
Høgsterett har ei juridisk utgreiingseining der du får
I juridisk utgreiingseining er det ledig to til tre åremål som utgreiar. Åremålet er på sju år utan moglegheit til forlenging.
Juridisk utgreiingseining har ein leiar, to nestleiarar, 21 utgreiarar og to protokollsekretærar. Utgreiingseininga arbeider for dommarane i Høgsterett. Arbeidet omfattar både sakene i Høgsteretts ankeutval og i avdelingane i Høgsterett. Utgreiarane behandlar materielle og prosessuelle spørsmål i saker frå alle rettsområde innan privatrett, offentlig rett og strafferett. Ved anke over dom skal utgreiinga for ankeutvalet avklare om saka reiser prinsipielle spørsmål som bør bli behandla av Høgsterett. I saker der det blir gitt samtykke til ankebehandling, bistår utgreiarane dommarane både under saksførebuinga og i samband med ankeforhandlinga. Anke over orskurd og vedtak blir utgreidde slik at ankeutvalet kan avgjere saka endeleg. I tillegg har utgreiarane andre, varierte oppdrag for justitiarius, dommarane og direktøren.
Stillinga krev svært gode juridiske kvalifikasjonar, herunder meget gode eksamensresultat. Det vil bli lagt vekt på evne til å kombinere grundigheit og effektivitet, på god skriftleg fremstillingsevne og på samarbeidsevner. Gode engelskkunnskapar er ein fordel.
Praksis som utgreiar i meir enn to år er godkjent som praksis til advokatløyve.
Stillinga som utgreiar blir ved tiltreding lønt frå 500 000 kroner til 700 000 kroner (1434 rådgjevar/ 1364 seniorrådgjevar), alt etter kvalifikasjonar. Arbeidstida følgjer normalarbeidstida i staten. Tilsetting skjer elles på dei vilkåra som til ei kvar tid gjeld for tilsette i staten.
Vi ønskjer ein arbeidsplass med mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje stillinga.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Ta kontakt med utgreiingsleiar Birthe Aspehaug Buset eller nestleiar Knut A. Aastebøl på telefon 22 03 59 00 for nærare opplysningar om stillinga.
Kristian Augusts gate 9, 0164 Oslo
Tlf: 40 00 24 25
Utgiver: Norges Juristforbund
Juristen redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten.
Juristen bruker informasjonskapsler (cookies) fra Google Analytics til å måle trafikk på våre artikler og annonser.