Seniorrådgjevar - jurist

LOGO Vestland fylkeskommune
Søknadsfrist: 
30.03.2020

Rådgjevarstillinga er lagt til staben til HR-direktøren. Du rapporterer til direktøren og blir ein del av ei gruppe på åtte rådgjevarar. Vi ønskjer spesielt å styrke oss innan arbeidsrett, men du vil få stor breidde i det faglege arbeidet. 

 

Seniorrådgjevar - jurist

Vestland fylkeskommune, HR-seksjonen
HR-seksjonen er ein del av avdeling organisasjon og økonomi i Vestland fylkeskommune. Seksjonen er leia av HR-direktør og består av ein stab, samt faggruppene “løn” og “hms- og kvalitetsstyring” . 



Rådgjevarstillinga er lagt til staben til HR-direktøren. Du rapporterer til direktøren og blir ein del av ei gruppe på åtte rådgjevarar. Vi ønskjer spesielt å styrke oss innan arbeidsrett, men du vil få stor breidde i det faglege arbeidet. 



Hos oss kjem du til ein av vestlandets største arbeidsplassar. Som medarbeidar i faggruppa arbeider vi saman innan ei rekke ulike område der vidaregåande skular, tannhelse og samferdsel er dei største sektorane. Vi utfører personalarbeid på ein inkluderande måte og søkjer å finne gode løysingar for alle partar. Det nye storfylket Vestland gir store moglegheiter for fagleg utvikling og påverknad innan HR-feltet. 



Du må kunne identifisere deg med våre kjerneverdiar som er kompetent, open og modig.
 

Arbeidsoppgåver

  • Du skal vere ein ressursperson som bidrar med juridisk kompetanse innan heile HR-feltet. 
  • Rådgjeving og saksbehandling i personalsaker og tilsetjingssaker.
  • Støtte leiarar ved omstilling og organisasjonsendring.
  • Gi informasjon og opplæring til leiarar og tilsette i fylkeskommunen.
  • Utarbeide system, regelverk og prosedyrer innan HR-området med særskilt fokus på arbeidsrett. 

Kvalifikasjonar

  •  Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitenskap, med erfaring innan arbeidsrett.
  • God fagleg kunnskap om HR-feltet og god kjennskap til lov- og avtaleverket generelt.
  • Allsidig arbeidserfaring frå HR-feltet.
  • God kunnskap om offentleg sektor vil vere ein fordel. 

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Høg arbeidskapasitet
  • Initiativrik
  • Evne til å finne gode praktiske løysingar 

Vi tilbyr

  • Eit triveleg og engasjert arbeidsmiljø.  
  • Fleksibel arbeidstid  
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår  

Andre opplysningar 

  • Som seniorrådgjevar er det eit vilkår at du har lang arbeidserfaring. Søkjarar med kortare arbeidserfaring vil og bli vurdert, då vil tittelen vere rådgjevar eller spesialrådgjevar. 
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.


Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
 

Kontaktinformasjon:

  • HR-direktør Hilde M. B. Withammer
  • 406 24 416

SØK HER!

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

LOGO Sivil Klareringsmyndighet
Sivil klareringsmyndighet
Søknadsfrist: 
20.09.2020
LOGO Gulating lagmannsrett
Gulating lagmannsrett
Søknadsfrist: 
21.09.2020
LOGO NVE
NVE, Juridisk seksjon
Søknadsfrist: 
21.09.2020
LOGO UNE
UNE Utlendingsnemnda
Søknadsfrist: 
21.09.2020
LOGO Justervesenet
Justervesenet
Søknadsfrist: 
28.09.2020
LOGO Boligbyggelaget NOBL
Boligbyggelaget NOBL
Søknadsfrist: 
30.09.2020
LOGO Br sund
Søknadsfrist: 
07.10.2020