Rådgivar/seniorrådgivar – areal- og eigedomsforvalting

Søknadsfrist: 
30.01.2022
 
Om stillinga
Er du samfunnsengasjert? Har du kompetanse innan plan- og bygningslova og jord- og konsesjonslova? Brenn du for ei berekraftig arealforvalting? Har du erfaring frå privat eller offentleg sektor? Då er kanskje DU vår nye kollega?
Areal av stor nasjonal og regional verdi for matproduksjon og til natur-, kulturlandskap- og friluftsføremål er under sterkt press til anna bruk i store delar av Rogaland.    
Statsforvaltaren har ansvar for at nasjonal politikk blir formidla og følgt opp i praktiseringa av plan- og bygningslova og sektorlovverk i landbruket. Landbruksavdelinga har ei viktig rolle i å medverke til gjennomføring av den nasjonale landbruks- og arealpolitikken, der jordvern står sentralt, m.a. ved behandling og oppfølging av kommunale og regionale planar. Jordvern inneber ikkje berre vern av dyrka mark, men også god utnytting og utvikling av by- og tettstader, riktig lokalisering av viktige funksjonar og næringsområde mv.
Landbruksavdelinga har ledig fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar innen areal- og eigedomsforvalting.
 
Om Statsforvaltaren i Rogaland
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter.
Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 190 tilsette.
Søknadsfrist: 30. januar 2022

Rådgivar/seniorrådgivar – areal- og eigedomsforvalting

Statsforvalteren i Rogaland: Landbruksavdelinga

 

Arbeidsoppgåver

  • bidra til å nå målet om å sikre verdifulle jordbruksareal, kulturlandskap og god bruksstruktur
  • saksbehandling av saker etter sektorlovverk i landbruket (jord- og konsesjonslov)
  • saksbehandling i planprosessar og enkeltsaker etter plan- og bygningslova
  • samarbeide på tvers i embetet og delta i felles tverrfagleg plangruppe
  • kompetanseformidling og rettleiing, særleg retta mot kommunane
  • deltaking i tverrfagleg utgreiings- og samarbeidsoppgåver med andre statlege regionale etatar, fylkeskommune og kommunar

Det kan bli endringar i stillingsinnhaldet som følgje av endringar i oppgåveporteføljen og ut frå kompetanse, eksempelvis juridisk bistand på andre fagområde i avdelinga.

Kvalifikasjonskrav

Vi ønsker oss ein dyktig medarbeidar som:

  • har utdanning frå universitet eller høgskule på mastergradsnivå innan juss, men også master i eigedomsfag, by- og regionalplanlegging, landbruksfag eller samfunnsgeografi er aktuelt
  • har god kunnskap om samfunn, arealbruk og landbruk
  • har erfaring med plan- og bygningslov, jord- og konsesjonslov mv
  • er strukturert og arbeider sjølvstendig og målretta
  • er løysningsorientert og har god relasjonell kompetanse
  • er flink til å kommunisere munnleg og skriftleg, på begge målformer
  • har god digital kompetanse

Vi vil leggje vekt på personlig egnethet.

Vi tilbyr

  • eit godt og triveleg arbeidsmiljø på ei avdeling med stort engasjement
  • lønn som rådgivar, kr 550 000 - kr 700 000 pr år i statens lønnsregulativ, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring
  • gode høve til fagleg utvikling og til å vidareutvikle fagleg nettverk
  • viktige og utfordrande arbeidsoppgåver
  • god pensjonsordning, gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2 % pensjonsinnskot frå lønna)
  • hjem - jobb - hjem ordning

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga. Statsforvaltaren har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad.

Spørsmål om stillinga

Nærare opplysningar om stillinga får du av landbruksdirektør Geir Skadberg, tlf. 51 56 89 64 eller på mobil nr. 97 17 47 51 og ass. landbruksdirektør Anfinn Rosnes, mobil nr. 48 14 72 13.

SØK HER