Kristian Augusts gate 9, 0164 Oslo
Tlf: 40 00 24 25
- Redaktør: Ole-Martin Gangnes
- Journalist: Tore Letvik
- Journalist: Tuva Bønke Grønning
- Annonseansvarlig: Randi Huth Rogne
Har du lyst til å jobbe for eit godt arbeidsliv i Noreg?
Arbeidstilsynet jobbar for at alle arbeidstakarar skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø. No treng vi fleire juristar til å følge opp at verksemdene sjølv tek hand om sitt ansvar etter arbeidsmiljølova, allmenngjeringslova og anna regelverk der Arbeidstilsynet har mynde.
Som jurist i Arbeidstilsynet får du høve til å jobbe tett på norsk arbeidsliv. Tilsyn og rettleiing er retta mot organisatoriske og psykososiale forhold, ergonomi, teknisk sikkerheit, kjemiske og biologiske arbeidsvilkår og førebygging av ulykker. Vi søker etter deg som trivast med saksbehandling, rettleiing og kvalitetssikring i tett samhandling med kollegaer – både juristar og inspektørar. Om du i tillegg er ein som tek initiativ, er strukturert og god til å samarbeide vil vi gjerne høyre frå deg.
Stillinga har kontorstad i Førde, men høyrer til ein seksjon som har medarbeidarar i område Vest (Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal). På kontoret i Førde er det kollegaer frå fleire seksjonar i eit tverrfagleg miljø med inspektørar innan ulike fagområde. Jobben inneber noko reising.
Tilsette i Arbeidstilsynet må ikkje for eiga eller for andre si rekning drive eller ha annan økonomisk interesse i eller vere tilsett i ei verksemd som er underlagd tilsyn frå Arbeidstilsynet. Den tilsette må heller ikkje ta imot oppdrag eller vere med i styre, representantskap eller liknande organ i ei slik verksemd. I særlege høve, og når det ikkje skader tenesta, kan direktøren i Arbeidstilsynet gjere unntak frå dette forbodet.
Tilsetting skjer på dei vilkåra som til ei kvar tid gjeld for tilsette i staten, og den som blir tilsett må rekne med at det kan bli endringar i arbeids- og ansvarsområda for stillinga.
Det er viktig for Arbeidstilsynet å spegla befolkninga, og vi ønsker alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeidar aktivt med å utvikle oss som ein inkluderande arbeidsplass og legg arbeidskvardagen til rette dersom du har behov for det. Har du i periodar vore utan arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkomen til å søke jobb hos oss.
Du kan be om at søknaden blir unntatt offentlegheit. Dette må bli grunngitt i søknaden. Du blir kontakta dersom grunngivinga ikkje oppfyller vilkåra for unntak.
SØK HER!
Kristian Augusts gate 9, 0164 Oslo
Tlf: 40 00 24 25
Utgiver: Norges Juristforbund
Juristen redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten.
Juristen bruker informasjonskapsler (cookies) fra Google Analytics til å måle trafikk på våre artikler og annonser.