Jurist i bustad- og bygningsavdelinga (førstekonsulent)

LOGO Kommunal- og moderniseringsdep
Søknadsfrist: 
30.11.2020

Interessert i forvaltningsrett og plan- og bygningsrett? Lyst til å jobbe i eit kunnskapsrikt og hyggjeleg fagmiljø?

Jurist i bustad- og bygningsavdelinga (førstekonsulent)

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Om stillinga

Vi har ledig ei fast stilling i byggjeprosesseksjonen i bustad- og bygningsavdelinga. Vil du jobbe på eit fagfelt som har høg politisk og samfunnsmessig aktualitet?

I byggjeprosesseksjonen er vi i dag åtte juristar som jobbar med å følgje, evaluere og utvikle tiltak og verkemiddel som sikrar effektiv gjennomføring av byggjeprosessar og kvalitet i det som blir bygd. 

Målsetjinga er forståelege krav som gjev god kvalitet, samhandling og rettstryggleik, og som understøttar digitalisering.

Som øvste bygningsmyndigheit har seksjonen òg eit ansvar for å ta forvaltningsavgjerder etter plan- og bygningslova med høg kvalitet. Vi rettleier om regelverket for fylkesmenn, kommunar, næringsliv og privatpersonar.

Arbeidsoppgåver og utviklingsmoglegheiter

Du vil i hovudsak jobbe med

  • å behandle klager, omgjeringskrav, krav om dekking av sakskostnader m.m.
  • å gje skriftleg rettleiing om forståinga av regelverket, til både forvaltninga, næringa og privatpersonar

Etter kvart kan du òg

  • medverke i arbeidet i seksjonen med vidare utvikling av bygningslovgjevinga
  • delta i prosjekt
  • utføre oppgåver knytte til rolla avdelinga har som fagleg sekretariat for den politiske leiinga
  • halde foredrag internt og eksternt om fagfeltet
  • kvalitetssikre arbeidet til andre

Vi er opptekne av fagleg utvikling for den enkelte. Gjennom gode leveransar er det store høve for å ta initiativ til utviklinga på fagområdet. Nytilsette medarbeidarar får tildelt fadder og deltek i eit opplæringsprogram for nytilsette. 

Kvalifikasjonar

Nødvendige kvalifikasjoner

  • master i rettsvitskap / juridisk embetseksamen
  • særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne – du kan formidle komplisert juss på ein forståeleg måte

Årets kandidatar kan søkje på stillinga, tilsetjing krev dokumentasjon av fullført master.

Ønskjelege kvalifikasjonar

  • forvaltningsrett eller plan- og bygningsrett som fag, eller arbeidserfaring med dette
  • gode resultat frå studium og arbeid
  • at du meistrar nynorsk

Personlege eigenskapar

Vi trur du vil trivast i stillinga om du har tilstrekkeleg tolmod og fagleg interesse til å drive omfattande fagleg analyse, kombinert med evne til å handtere mange parallelle oppgåver med ulik kompleksitet og ulike tidsfristar. 

Vi trur du vil lukkast i stillinga om du 

  • er analytisk og lærer raskt
  • jobbar strukturert og leverer til avtalt tid
  • er tolmodig og kvalitetsbevisst
  • jobbar sjølvstendig og tek ansvar for framdrift
  • samhandlar og kommuniserer godt
  • har god rolleforståing

Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna og har gode resultat å vise til.

Kompetanse, utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar som du legg ved søknaden.

Vi tilbyr

Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr:

  • Ein spennande jobb i eit sterkt fagmiljø
  • Arbeidsplass sentralt i Oslo sentrum
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Høve til trening i arbeidstida

Løn: Stillingen som førstekonsulent er løna frå kr 470 000-500 000 per år. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn. Lønsinnplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar.

Frå løna blir det trekt  2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» øvst på denne sida.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymiseringa av søknader skal gjelde den første utveljinga av kandidatar som er aktuelle for intervju. Det er viktig at du legg inn ein utfyllande CV, sidan det er denne vi vurderer i første omgang.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurderte som søkjarar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Les meir om krava i Arbeidsgjevarportalen

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder publiserer i årsrapportane sine.

Godt medarbeidarskap er viktig for oss.

KMD samarbeider med Meditor om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

I samsvar med offentleglova 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista.

Kontaktperson: For nærmare opplysningar om stillinga kontakt: avdelingsdirektør Karen Marie Glad Visnes, tlf: 98 23 65 77  e-post: karen-marie-glad.visnes@kmd.dep.no

Om oss

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ca. 380 tilsette og er sekretariat for kommunal- og moderniseringsministeren, digitaliseringsministeren og resten av politisk leiing. Departementet har ansvar for ei rekkje etatar og verksemder. 

Bustad- og bygningsavdelinga har ansvaret for å følgje opp bustad- og bygningspolitikken til regjeringa. Avdelinga har etatsstyringsansvaret for Husbanken, Direktoratet for byggkvalitet og Husleigetvistutvalet.

Bustads- og byggingsavdelinga har eit variert fagmiljø med ca. 40 medarbeidarar med juridisk, økonomisk og annan samfunnsvitskapleg kompetanse, og som arbeidar tverrfagleg. Vi utfør interessante og krevjende oppgåver som er viktige for utviklinga av velferdssamfunnet, i skjæringspunktet mellom fag og politikk. Du får delta i rettsutviklinga på eit viktig fagområde. 

SØK HER!

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

LOGO Drammen
Drammen kommune
Søknadsfrist: 
30.11.2020
LOGO Vestfold tingrett
Vestfold tingrett
Søknadsfrist: 
30.11.2020
LOGO EOS Utvalget
EOS Utvalget
Søknadsfrist: 
01.12.2020
LOGO NAV
NAV Klageinstans, Styringsenhet, Tønsberg
Søknadsfrist: 
02.12.2020
LOGO Fylkesmannen i Troms/Finnmark
Fylkesmannen i Troms og Finnmark
Søknadsfrist: 
02.12.2020
LOGO Drammen kommune
Drammen kommune
Søknadsfrist: 
02.12.2020
LOGO Wigemyr & Co
Wigemyr & Co, Kristiansand
Søknadsfrist: 
05.12.2020
LOGO Utlendingsnemda
Utlendingsnemda UNE
Søknadsfrist: 
10.12.2020