Jurist

Søknadsfrist: 
21.09.2021

Vi søker etter ein dyktig jurist på arbeidslivsområdet. 

Vi har ledig ei fast stilling som seniorrådgivar i Arbeidsmiljø- og sikkerheitsavdelinga. 

Jurist

Arbeids- og sosialdepartementet

Arbeidsoppgåver

Du vil få eit særleg ansvar innanfor regelverksarbeid på områder som systematisk HMS-arbeid, fysisk og psykososialt arbeidsmiljø, medverknadssreglane i lova, HMS-kortordning, BHT mv. For å løyse oppgåvene vil samarbeid med våre underliggande tilsynsetater Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet vere sentralt. 

Avdelinga er teamorganisert, og du vil også få oppgåver frå avdelingens øvrige ansvarsområder.

Kva slags bakgrunn har du?

Du
  • har master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen med gode resultat
  • har relevant erfaring
  • har gjerne efaring på det arbeidsmiljørettslege fagområdet
  • har god forståing for regelverksarbeid og regelutvikling
  • kommuniserer godt både skriftleg og munnleg

Kven ser vi etter?

Du er interessert i fagområda rundt arbeidsmiljø og HMS. Du har og interesse og forståing for alminnelege forvaltningsjuridiske spørsmål. Du trivst med å ta initiativ og ansvar og du jobber aktivt og selvstendig med oppgåvene dine. Du samarbeidar godt med andre. 

Kva får du hos oss?

  • Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaar. Vi legg vekt på å gje ansvar og tillit, men og rettleiing i eit godt arbeidsfellesskap.
  • Du vil få nærleik til politisk leiing og politiske avgjerder.
  • Løna di er avhengig av kvalifikasjonane dine, men den vil vere mellom 600 000 og 800 000 kr.
  • I tillegg får du alle godane ved å vere tilsett i staten, mellom anna fleksitid, sommartid og medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber tenestepensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Du får også høve til å trene i arbeidstida.

Les dette før du søker

  • Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkerlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
  • Arbeidsspråket er norsk.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med avdelingsdirektør Rune Ytre-Arna på tlf. 916 88 762

SØK HER

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

NAV
Søknadsfrist: 
27.09.2021
Universitetet i Bergen
Søknadsfrist: 
03.10.2021
The EFTA Surveillance Authority
Søknadsfrist: 
03.10.2021
The EFTA Surveillance Authority
Søknadsfrist: 
03.10.2021
Trøndelag statsadvokatembeter
Søknadsfrist: 
07.10.2021
NTNU
Søknadsfrist: 
07.10.2021
Skattedirektoratet
Søknadsfrist: 
11.10.2021
Norges Farmaceutiske Forening
Søknadsfrist: 
20.10.2021