Juridisk rådgivar (rådgivar/ seniorrådgivar)

Søknadsfrist: 
03.10.2021

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Juridisk rådgivar (rådgivar/ seniorrådgivar)

Universitetet i Bergen

Vil du vere med å realisere UiBs strategiske mål innan forsking, innovasjon, utdanning og formidling?

Ved Forskings- og innovasjonsavdelinga er det no ledig ei fast stilling som juridisk rådgivar.

Universitetet i Bergen er ein av Norges leiande institusjonar for forsking og høgare utdanning med ein tydeleg internasjonal profil. Universitetet har høge mål og klare prioriteringar for fagleg utvikling, institusjonell fornying, og søker ein juridisk rådgivar til å arbeide med universitetets eksternt finansierte forskingsprosjekt. Stillinga er lagt til Forskings- og innovasjonsavdelinga, som er ein del av den sentrale administrasjonen ved UiB.

Forskings- og innovasjonsavdelinga har viktige forskings- og innovasjonsstrategiske støtteoppgåver for fagmiljø og leiing. Avdelinga legg blant anna til rette for universitetet sine satsingar på framifrå forsking, forskarutdanning, innovasjon, internasjonalt samarbeid og berekraft.

Ei stor del av forskinga ved universitetet er finansiert av midlar henta frå EU og Forskingsrådet, og forskingsprogram knytt til framifrå forsking har ei særskild strategisk betyding for UiB. Den samla eksternfinansierte inntekta til universitetet utgjer årleg over éin milliard kroner. Den juridiske kompetansen vert i stor grad etterspurd, og vi søkjer etter ein fagleg dyktig og positiv kollega, som kan bli ein del av det juridiske teamet i avdelinga.

UiB har eit omfattande samarbeid med andre universitet, forskingsinstitutt, private og offentlege verksemder som er basert på kontraktar. UiB har ei stor eksternt finansiert portefølje av prosjekt innan forsking og utdanning der du som juridisk rådgivar vil arbeide tett med forskarar, leiing og administrasjon på universitetet. Til stillinga ligg også å følgje opp og koordinere det administrative overordna forskingssamarbeidet med Equinor, og rådgjevaren vil bidra til å følgje opp ei rekke forskingssamarbeid i samhandling med selskapet.

Vi søker ein kollega med kompetanse innan avtalerett, som har interesse for immateriell rett og universitets- og høgskulesektoren. Som del av eit team på fem personar vil du få høve til å jobbe tverrfagleg og delta i eit breitt spekter av prosessar, som er med på å bidra til at UiB når sine mål. Arbeidet vil vere sjølvstendig og prega av utfordrande oppgåver. Du vil mellom anna jobbe med avtalerett, forhandlingar, immateriell rett, EØS/konkurranserett og forvaltningsrett.

Stillinga er ei fast stilling som rådgjevar, men ved relevant kompetanse eller erfaring kan det være aktuelt å tilsette i stilling som seniorrådgjevar. Stillinga vil gje gode høve til utvikling for den rette kandidaten. Vi ønskjer oppstart snarast mogleg.

Vi ynskjer deg velkomen til å vere med på dette laget.

Arbeidsoppgåver:

  • Inngå i eit team som skal gje støtte til å utarbeide, forhandle og følgje opp kontraktar knytt til den eksternfinansierte verksemda til universitetet
  • Gje juridiske råd i samband med kontraktar, immateriell rett og innovasjon retta mot fakultet, institutt og forskarar
  • Vidareutvikle interne retningslinjer og rutinar innan ansvarsområda
  • Følgje opp og koordinere det administrative arbeidet knytt til det overordna forskingssamarbeidet mellom UiB og Equinor
  • Stillinga kan få andre oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Du har:

  • Mastergrad i rettsvitskap
  • Gjerne relevant arbeidserfaring, men nyutdanna er også velkomne til å søkje
  • Røynsle frå arbeidsområda som oppgåvene omfattar, blant anna røynsle med spørsmål kring immaterielle rettar. Det er ein føremon med Erfaring frå arbeid med kontraktar på norsk og engelsk
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ein føremon
  • Interesse for forskings- og utdanningsspørsmål
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Du er:

  • Ein dynamisk pådrivar med stor arbeidskapasitet
  • Ein relasjonsbyggjar med gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
  • Systematisk, nøyaktig, analytisk og med evne til å arbeide sjølvstendig

Vi legg vekt på:

  • Relevant erfaring
  • Personlege eigenskapar naudsynt for stillinga

Vi kan tilby:

  • Stilling i ei avdeling i spanande utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit kompetansemiljø med gode vilkår for fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg og internasjonalt samansett medarbeidargruppe med stor fagleg tyngde
  • Løn som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364) i lønssteg 68-73 (for tida kr. 626 100 - 689 600 brutto) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Seksjonsleiar for seksjon for seksjon innovasjon, Magnus Holtermann, tlf 55 58 49 89 (magnus.holtermann@uib.no) eller avdelingsdirektør Benedicte Løseth, tlf. 916 03 900, (benedicte.loseth@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida: ”Søk denne stilling” til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attester skal berre sendast dersom du får melding om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om forskningsadministrativ avdeling her. 

SØK STILLINGEN