Fast offentleg forsvarar

LOGO Høgsterett
Søknadsfrist: 
30.10.2019

Høgsterett er den øvste domstolen i landet og har som hovudoppgåve å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling.

Fast offentleg forsvarar

Noregs Høgsterett

Om Noregs Høgsterett

Høgsterett blir leia av justitiarius. I tillegg har domstolen 19 dommarembete, eit embete som direktør, ein assisterande. Direktør, 25 andre juriststillingar og 22 stillingar innan administrasjon og saksbehandling. Det juridiske og administrative støtteapparatet i Høgsterett blir leia av direktøren. Høgsterett held til i Høgsteretts Hus i Oslo.

Om stillingen

Det er ledig to verv som offentleg forsvarar ved Høgsterett frå 1. januar 2020. Søkjarane må ha møterett for Høgsterett.

Vervet blir gitt som eit åremål på åtte år og kan ikkje fornyast. Fråtreding må uansett skje ved fylte 70 år. Dei nærare vilkåra for oppnemning er gitt i forskrift 4. mars 2011 nr. 251 om faste forsvararar og bistandsadvokatar.

Advokatar med forretningsadresse utanfor Oslo kan også søkje. Tiltredinga skjer etter nærare avtale.

Ved spørsmål kan ein ringe assisterande direktør Christopher Haugli Sørensen på telefon 22 03 59 35.

 

SØK HER !