«Kva gjer det med ein organisasjon som stor sett har vore uendra i hundre år å måtte endre seg?»

Fylkesmannsembeta har stort sett vore organisatorisk uendra i hundre år. Vi har fått nye oppgåver inn, og noko har gått ut. Men stort sett har statens lokale representant vore uendra i lang tid. Hausten 2014 vart det slutt på det, skriver Hallvard Øren. 

Torsdag, 19. november 2020 - 8:25

Det vart kalle inn til informasjonsmøte både i Arendal og Kristiansand ein dag i november 2014. Ingen visste kva saka gjaldt.

Regjeringa hadde bestemt at dei to fylkesmannsembeta i Vest-Agder og Aust-Agder skulle bli eit. Det vart startskotet for arbeidet vi i Fylkesmannsjuristane har halde på med sidan. For etter de blei det raskt klart at også mange av dei andre embeta også skulle verte samanslåtte.

Vi i Fylkesmannsjuristane var ikkje førebudde på det som skulle skje. Ei politisk avgjerd som kom ut av det blå. Politiske avgjerder kan ein ikkje klage på. Ein må vere på saka før avgjerda vert gjort.

Dermed starta vi eit arbeid dei neste åra der vi måtte jobbe politisk, vi gjekk til Stortinget og vi gjekk til regjeringa. Vi snakka og forklarte, men oppdaga snart noko viktig. Når ballen har starta å rulle kan ein nødvendigvis ikkje stoppe ballen, men ein kan gjerne endre retninga på ballen.

Regjeringa og fleirtalet på Stortinget ville endre oss. Vi bestemte oss for at vi ville påverke innhaldet i avgjerda til regjeringa. Vi argumenterte med storleik, avstandar, nærleik til innbyggjarane ut frå dei oppgåvene vi skal løyse. Omsynet til oppgåveløysinga er det viktigaste, og ettersom vi veit best kva vi driv med kunne vi også synleggjere dette.

Resultatet vart ei endring til ti nye fylkesmannsembete. Før hadde stort sett kvart embete ein kontorstad. No har vi fått embete med både to og tre store kontorstadar. Vi var nøgde med at våre argument vart høyrde, og at det også medverka til at fylkesmannen framleis har ein nærleik til innbyggjarane i oppgåveløysinga vår.

Samtidig har det vorte større skilnad mellom embeta. Vi har embete som var av dei mindre før og er det no også, som Nordland og Møre og Romsdal. Samstundes har vi fått store embete som Oslo og Viken, der Oslo og Akershus som frå før av var største embetet no er slått saman med Buskerud og Østfold.

Arbeidet mot ei samanslåing

Ei endring har berre så vidt starta når den politiske avgjerda er tatt. Då startar det store arbeidet for tillitsvalde landet rundt. Først var det signering av sentral omstillingsavtale, før ein lokalt i alle dei samanslåtte embeta skulle lage ein lokal omstillingsavtale for si organisering.

Etter det skulle ei lokal omstillingsgruppe i kvart nye embete verte samde om ny organisering. Då skulle tillitsvalde forhandle om korleis det nye embetet skulle sjå ut.

Vi i Fylkesmannsjuristane var proaktive. Vi kursa våre lokalt tillitsvalde slik at dei skulle vere best på regelverk og forhandling. Vi hadde samling og diskuterte.

I tillegg hadde vi ein annan fordel. I fleire år har vi tillitsvalde for akademikarforeiningane hatt felles samlingar kvart år. Dermed kjende akademikartillitsvalde kvarandre frå før og kunne då stå samla i arbeidet som skjedde i dei lokale omstillingsgruppene.

Det gjekk over fire år frå informasjonsmøtet i Agder og fram til 1. januar 2019, då vi var i mål med den formelle samanslåingsprosessen. Troms og Finnmark. Trøndelag, Vestland, Agder, Vestfold og Telemark, Oslo og Viken og Innlandet. Sju nye organisasjonar starta ein ny arbeidskvardag. For arbeid har det vore etterpå også.

Omstillinga har medført at mange kollegaer har slutta. Kontora på Hamar og Skien har blitt små filialar, og mange fekk ny arbeidsstad på Lillehammer og Tønsberg. Det same skjedde i Moss, Drammen og Oslo, der det nye embetet Oslo og Viken flytta på mange fagområde, og dermed utraderte kompetansemiljø.

Motsett er det i Troms og Finnmark der ein har vald å ha delta fagavdelingar med kontorstadar både i Tromsø og Vadsø, og så kan ein spørje seg kva vinninga er då?

Nyttig erfaring i arbeidet som tillitsvald

Erfaringa er av vi er omstillingsdyktige, vi har våre proaktive og påverka. At vi har erfaringa med endringsarbeid, gjer at vi også har vore betre førebudde på dei andre endringane vi har fått.

På den reisa vi har vore siste åra har også Regjeringa flytta ut arkiv, it og liknande til ein eigen Fylkesmennenes Fellesadministrasjon, og vi har som resten av staten blitt pressa inn i opne landskap. Når disse prosessane kjem er vi budde på å meine og påverke dei avgjerdene som skal takast.

Lukkast vi? Ikkje alltid, men vi gjer det vi kan.   

Ledige stillinger: