Jørn Øyrehagen Sunde (Foto: Tore Letvik)

«Rettsleg­gjering er ein faktor ein må ta med i politiske analysar»

Rettsleggjering har vore eit tema i media i fleire år. Det dukkar gjerne opp når det politiske handlingsrommet vert avgrensa eller forsøkt avgrensa av juss.

Tirsdag, 5. februar 2019 - 8:45

Typiske døme er den pågåande klimasaka og ulvesaka. Konflikten mellom politikk og juss vert i slike saker gjerne spissformulert gjennom at ein spør kven skal bestemma – dei folkevalte eller domstolane?

Men rettsleggjering er eit langt meir komplekst fenomen enn som så.

Essensen i rettsleggjering er at det som før vart avgjort i den politiske, moralske eller sosiale sfæren i samfunnet no vert avgjort i den juridiske. Men det er ikkje ei forklaring ein vert særleg klok av. Så lat oss gå meir spesifikt til verks, og byrja med forholdet mellom politikk og juss.

EU- og EØS-rett

Ei årsak til rettsleggjering av politikken er at virkefeltet til politikk og juss ikkje lenger er overlappande. Det vil seia at politikk ikkje lenger styrer like mykje som vert styrt av juss. Enklaste dømet er EU- og EØS-rett.

Norske politikarar har ikkje makt til å laga reguleringar for EØS-området, som omfattar EU- og EFTA-landa. Dei har knapt makt til å påverka retten i dette området. Juristane som brukar denne retten, har derimot ei viss makt til å påverka gjennom sine tolkingar. 

I Tyskland vert det gjerne hevda at om lag 70% av landets rett har sitt opphav i EU-retten. På Island hevdar ein gjerne at det er tale om 50%. I Noreg er det mindre, men likevel nok til at det oppstår ei spenning mellom politisk og juridisk makt. Denne spenninga er ein del av det rettsleggjering handlar om.

EU- og EØS-rett er den viktigaste elementet i transnasjonaliseringa av retten i Europa. Transnasjonalisering av retten vil seia at den ikkje stoppar ved nasjonalstaten sine grenser, slik politikken gjer, men er felles for større område. Dette er ein global trend, og i til dømes klimasaka og ulvesak er det internasjonale traktatar som er ein viktig bakteppe, og ikkje EU- eller EØS-rett. Denne  transnasjonaliseringa er delvis ein respons på auka kommunikasjon og samhandling. Det er nødvendig at jussen sitt nedslagsfelt til ein viss grad samsvarar med folk, varer og førestillingar sin mobilitet. 

Moralen si tilbaketrekning

Men rettsleggjering er meir enn transnasjonal rett. Kina er ikkje ein del av eit transnasjonalt rettsleg regime som EU- eller EØS. Men samanliknar ein veksten i juss i Kina og Noreg frå 1979 til i dag, ser ein same mønsteret: ein auke i talet på juristar, lover, rettssaker, etc. som særleg akselererer på 1990-talet. Slik vart det politiske handlingsrommet redusert. Men det var òg ei vesentleg innskrenking av moralen sitt virkefelt i Kina gjennom redusert makt til for eksempel naboskapsdomstolar. 

Ein grunn til veksten i jussen sitt virkefelt, er moralen si tilbaketrekning frå den offentlege sfæren. På godt og vondt gjer mindre moral at ein må ha meir juss.

I 2017 hadde vi til dømes 52 lover og 677 forskrifter med reglar om sambuarskap. Det var ikkje behov for dei så lenge dette var moralsk uakseptabelt. Eit anna døme er mobbing, som har vorte eit juridisk tema på 2000-talet, medan det før var moral og politikk sitt domene. 

Men utanfor jussen sitt virkefelt finn ein ikkje bare moral som ein alternativ samfunnsregulerande faktor, men òg sosiale normer. Medan moral er tufta på meir eller mindre reflekterte verdistandpunkt, er sosiale normer eit resultat av sosiale realitetar og makttilhøve. 

Eit poeng med juss har alltid vore å regulera samfunnet uavhengig av sosial makt. Typisk har til dømes kvinne og barn historisk hatt lite sosial makt, og utan å lovfesta rettar og til positiv diskriminering hadde det vore vanskeleg å gje dei ein sterkare sosial posisjon. Slik har juss medvite vorte brukt til å trengje tilbake sosiale normer til fordel for dei juridiske. 

Samansett

Rettsleggjering er altså eit samansett fenomen. Dette fordi det gjeld tilhøvet mellom juss og politikk, juss og moral og juss og sosiale normer. Vidare fordi det gjeld ein uønskt konsekvens av ei ønskt utvikling, som er meir (sam)handel, færre moralske bindingar og sterkare rettar til tradisjonelt svake grupper. Og til sist er rettsleggjering komplekst fordi det gjeld alle deler av den trivielle kvardagen, og ikkje bare kontroversielle rettssaker som klimasaka og ulvesaka. 

Det er fleire grunnar til at rettsleggjering likevel er kontroversielt, fordi jussen reduserer andre maktfaktorar i samfunnet til fordel for seg sjølv. Dei som tidlegare hadde politisk makt (folkevalte og partimedlemmar), moralsk makt (dei religiøse) og sosial makt (ulike grupper, men mellom anna kvite menn) mister makt til dei som opererer innanfor den juridiske samfunnssfæren. 

Dette gjer at rettsleggjering er ein faktor ein må ta med i politiske analysar. Til dømes kan ein med fordel sjå framveksten av politisk populisme i lys av den.

Både høgre- og venstrepopulistar ser gjerne at politikk, moral og sosiale normer tek tilbake noko av det dei har tapt til jussen. Storbritannia si utmelding av EU, og kneblinga av domstolane i Ungarn og Polen, kan òg delvis forståast som eit motåtak på den rettsleggjeringa som har følgd av transnasjonaliseringa dei seinare tiåra. Problemet er at om ein reverserer rettsleggjeringa, så vil ein òg lett reversera det ein har oppnådd gjennom den. Den politiske utviklinga i Ungarn og Polen kan nyttast som døme på dette. 

Ein arena for makt

På den eine sida er det viktig å slå fast at juss ikkje er eit anarkistisk nirvana, men ein arena for makt. Den har eit språk, den har argumentasjonsmønster og den har sosiale kodar som gjer at den ikkje er open for kven som helst. Og det språk og den rasjonalitet som gjev politisk, moralsk og sosialt gjennomslag, gjev sjeldan juridisk gevinst. 

På den andre sida har lovspråket vorte forenkla, det har skjedd ei opning av domstolane og deira verksemd, og forvaltninga og denne si verksemd har vorte meir tilgjengeleg sidan 1990-talet. Juss i Noreg er difor meir open enn i dei fleste andre land, og meir open enn på lenge. Denne utviklinga står likevel ikkje i stil med den rolle jussen spelar i samfunnet etter rettsleggjeringa dei siste tiåra, så mykje står igjen. 

Når det gjeld relasjonen juss og samfunn og juss og moral, er einaste måten å trengja tilbake jussen på å vurdera meir kostanden ved å fremma svake grupper og erstatta moralske reglar med rettsleg regulering.

Når det gjeld relasjonen juss og politikk, er det vanskeleg å byggja bru over politisk nedslagsfelt og faktisk mobilitet med andre midlar enn rettsleg regulering. Men i så fall må juss underleggjast same openheit, deltakings- og påverknadshøve, og gransking som politikken har vore.

Dit er det enno langt igjen. Og dit kjem ein bare om media pressar på for ei slik utvikling.        

Ledige stillinger: